Ruth Lillegraven (fødd 21. oktober 1978)[1] er ein norsk forfattar frå Granvin.[2]
Lillegraven er no busett i Lommedalen i Bærum.[2]
Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005[3], og har sidan skrive fleire biletbøker, ein roman og diktsamlingane Urd og Manilahallen.[4] For Urd fekk ho Brageprisen i 2013.[5]
Ho har dessutan arbeidd i Det Norske Samlaget, og jobbar no i Samferdselsdepartementet.
Bøker
- 2005 – Store stygge dikt – Diktsamling
- 2011 – Mari og Magnus flyttar inn – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2011 – Mellom oss – Roman
- 2012 – Mari og Magnus og smokketjuven – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2013 – Mari og Magnus får katt – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2013 – Urd – Diktsamling
- 2014 – Mari og Magnus hos bestemor – Biletbok, illustrert av Inger Landsem
- 2014 – Manilahallen – Diktsamling
- 2015 – Atlanten – Diktsamling
- 2016 – Eg er eg er eg er – Diktsamling
- 2016 – Sigd – Diktsamling
- 2018 – Cally – Skodespel
- 2018 – Alt er mitt – Roman
- 2020 – Dette er andre dagar – Diktsamling
- 2020 – Dei svarte svanene – Barnebok
- 2020 – Hytta som forsvann – Barnebok
- 2021 – Av mitt blod – Roman
Prisar og utmerkingar
Referansar
Bakgrunnsstoff