Ein kvitmåla dåpsengel i tre i lekamsstørrelse som senkast ned frå taket held dåpsfatet. Frå København ca. år 1820
Altartavle
Altertavle bygd rundt eit seingotisk altarskåp. Motivet er ei synleg krossfestingsscene. Bak er restar av Marias himmelkroning. Fotstykket, Jesus i Getsemane, stammar frå 1200- og 1600-talet
Diverse
På korskiljet heng eit krusifiks frå seint 1600-tal
Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, er ei steinkyrkje som ligg på Vossavangen i Voss herad. Vangskyrkja vart truleg bygd i 1270-åra.
Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje i Hordafylket og soknekyrkje for eit stort område. Utvendig er kyrkja dominert av det store og høge myrke tretårnet, som er bygd på 1600-talet, og dei åtte massive støttepilarane ved veggjene.
«Magnus Haconar sun Noregs konungr sændir ollum mannum i Vangs kirkin sokn q. G. oc sina. Unið þer margfallega oc sva vilium ver þacca yðr, at þer havet mannlæga tilraðet at gera yðr steinkirkiu i stað firir trekirkiu eptir rað oc firirsogn vars virðulex herra Hakonar Noregs konungs foður vars.»