Khottsjino (eit eldre namn for Gattsjina) vart første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1499 som ein landsby underlagd Velikij Novgorod eller Stornovgorod i Russland. I løpet av ei rekkje krigar på 1600-talet vart byen først gjeve til Livland (eit historisk område som i dag er delt mellom Estland og Latvia), så til Sverige før det igjen vart ein del av Russland i løpet av den store nordiske krigen. På denne tida var Gattsjina eit sørleg grannelag til den nye hovudstaden i Russland, St. Petersburg.
I 1708 gav tsar Peter den store[2] Gattsjina til syster si Natalia Aleksejevna og då ho døydde grunnla han eit keisarleg hospital og apotek her. I 1765 kjøpte Katarina den store Gattsjina med tjue landsbyar i omegn som ho så skjenka til favoritten sin, general og grev Orlov. Mellom 1766 og 1788 bygde greven eit slott med 600 rom[3] her og anla ein omfattande engelsk landskapspark på over 700 hektar med ein tilstøytande dyrehage og ein gard for hestar. Ein triumfboge teikna av Antonio Rinaldi vart reist for å danne ein monumental inngang.