Fraser Point er eit nes mellom Marr Bay og Mackintosh Cove på nordkysten av Laurie Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd av Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen i 1903 og i 1912–13 av kaptein Petter Sørlle. Det vart kartlagd på ny i 1933 av mannskapet på Discovery Investigations ombord på RRS «Discovery II» som namngav det etter Francis C. Fraser.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fraser Point» (innhald frå Geographic Names Information System).