Flash av Queen
«Flash» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av gitaristen Brian May og er kjenningsmelodien til filmen Flash Gordon frå 1980. Filmmusikkalbumet kom ut samstundes med filmen og inneheld musikk komponert og framført av Queen. Det finst to versjonar av songen. Albumversjonen («Flash's Theme») vert nytta i starten av filmen, med all dialog frå den første scenen. Singelversjonen nyttar dialog henta frå forskjellige stader i filmen, mellom anna rollefiguren til Brian Blessed som ropar «Gordon's alive?!» Denne versjonen vart òg gjeven ut på Greatest Hits frå 1981.[1] «Flash» vert sungen som ein duett mellom Freddie Mercury og Brian May, med Roger Taylor på lys harmonivokal. May spelar alle instrumenta sjølv utanom rytmedelen. Han spelte mellom anna på eit Imperial Bösendorfer flygel (med 97 tangentar i staden for 88, på grunn av ein ekstra oktav i det låge registeret), ein Oberheim OBX synth (som han spelar på i videoen) og sin heimelagde Red Special elektriske gitar. MusikkvideoVideoen for songen vart filma o Anvil Studios i London i november 1980 og regissert av Don Norman. Han syner bandet som spelar songen til ein skjerm som syner klipp frå filmen. Ein alternativ versjon vart sendt under Konsert for Kampuchea i 1981. Alternative filmklipp vart nytta i videoen som kom med iTunes-utgåva av Flash Gordon i 2011. Medverkande
Salstrofé
Remiksar og andre versjonar
I popkulturen
KonsertopptakKjelder
Bakgrunnsstoff
|