Roger Meddows Taylor (fødd 26. juli1949) er ein engelsk musikar, trommeslagar, songar og låtskrivar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet Queen, men han skreiv òg songar i bandet og var stundom solovokalist. Som trommeslagar vart han tidleg i karrieren kjend for den unike lyden sin.[1] Han har sidan blitt hylla av trommeslagaren i Foo Fighters, Taylor Hawkins, som ein av dei viktigaste rocketrommeslagarar i 1970- og 1980-åra,[2] og vart rangert som den åttande beste trommeslagaren i klassisk rock i ei rundspørjing utført av radiokanelen Planet Rock i 2005.[3]
I tillegg til trommer, spelte Taylor ofte klaverinstrument, gitar og bass på sine eigne songar. I 1980-åra danna han samstundes med Queen bandet The Cross, der han var frontsongar og rytmegitarist. Tidleg i 1980-åra var Taylor òg dommar i det populære britiske quiz-showet Pop Quiz, leia av Mike Read.
I 1999 vart Taylor den første levande personen, utanom medlemmar av den britiske kongefamilien som var på eit frimerke frå Royal Mail, då han var å sjå bak Freddie Mercury som ein del av serien «Great Britons». Dette skapte kontroversar, sidan det var ein oppfatning om at levande folk ikkje skulle trykkast på britiske frimerke, annan enn kongefamilien.[7][8]