Ostrov Kapitanskij, ei mindre øy ligg utanfor hovudøygruppa og nærare til kysten.
Havområdet rundt øyane er dekt av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det mykje is i havet.
Faddejøyane vart kalla opp etter den russiske utforskaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som er «Faddej Faddejevitsj Bellinsgauzen» på russisk.
Historie
Gamle steinreiskapar, truleg forma av menneske, vart funne på Faddejøyane og vart studerte av forskaren A.P. Okladnikov, ein ekspert på eldgamle kulturar i Sibir og ved Stillehavet.
I 1940-1941 fann sovjetiske hydrografar restane av folk, pengar, våpen og andre ting på desse øyane og nær kysten av Simsabukta. Dette var truleg spor etter ein ekspedisjon gjort av Akaky og Ivan Muromets tidleg på 1600-talet.