Dinajøyane eller Duunaj Aryta (russisk Острова Дунай) er ei øygruppe i Laptevhavet i Russland. Dei ligg nær munningen av elva Lena, nordvest for Lenadeltaet.
Dunajøyane er ei kompakt øygruppe og kysten av øyane er særs uordentleg med smale strandryggar, sandbankar og myrområde. Den største øya er 16 km lang og er 8 km brei. Øya i søraust vert kalla Jegorsjaøya.
Sundet mellom desse øyane og Lenadeltaet vert kalla Proliv Dzjijelligestiakh-Oburuosa.
Området har eit hardt arktisk klima og det er fast is mellom øyane og Lenadeltaet om lag ni månader av året.[1]
Det er ein vêrstasjon på øyane som heiter Dunaj. Han var viktig då Nordaustpassasjen var på sitt travlaste. Administrativt høyrer øyane til republikken Sakha.
Nærliggande øyar
15 km sørvest for Dunajøyane ligg Bulgunnjakhtakh-Belkej-øyane. Dette er fem små øyar i ei rekkje ved 73°50′02″N123°48′40″E / 73.834°N 123.811°E / 73.834; 123.811. Den største er berre 4 km lang. Sjølv om dei ligg lenger ute i havet er dei ei fortsetjing av øyane i Lenadeltaet.