Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

FNLA

FNLA

Skipa1954
HovudkontorLuanda
LandAngola
StyreleiarLucas Ngonda, Ngola Kabangu, Holden Roberto
Flagget til FNLA

FNLA (portugisisk Frente Nacional de Libertação de Angola) var opphavleg ein militant organisasjon i Angola som i samband med at landet fekk sjølvstende i 1975, med støtte frå USA og Zaire, kjempa mot det sovjetstøtta marxist-leninistiske MPLA. Denne kampen for styret i Angola var altså òg ein del av den kalde krigen. FNLA blei likevel raskt marginalisert av MPLA, og den amerikanske støtta i krigen gjekk i staden over til det tidlegare sørafrikansk-støtta Unita.

Historie

FNLA veks fram

I 1954 blei UPNA, Foreininga for folket i Nord-Angola, danna som ei separatistørsle for kongofolk. Målet var å gjenoppretta det gamle Kongoriket frå tida før portugisarane kom til regionen. Leiaren i foreininga var Holden Roberto, som var fødd i San Salvador og voks opp i Leopoldville[a] i Belgisk Kongo. Roberto søkte støtte for kampen i USA, men fekk melding om at det ikkje var mogleg å oppretta det gamle kongeriket. Han gav då opp Kongoriket, og endra namnet på foreininga til UPA, Foreininga for folket i Angola.[1]

Sjølvstendekrigen

FLNA bygde opp ein geriljahær i Kongo. 15. mars 1961 gjekk 3000 utrente soldatar inn i provinsen Uíge nordaust i Angola. Bakongo-krigarane drap tusenvis av kvite nybyggjarar på vegen til Luanda. Portugal var medlem av NATO og sende amerikanske fly, som bomba byar med napalm.[1]

I november heldt generalforsamlinga i SN ein debatt om situasjonen i Angola. Roberto og Jonas Savimbi[b] reiste til New York. Bakongo- og ovimbundufolka var deretter representerte internasjonalt.

I april 1962 danna Roberto ei eksilregjering[c] i Kinshasa med Savimbi som utanriksminister. Roberto tilbaud inn MPLA å delta i regjeringa, men Neto avslo. GRAE trente soldatane sine i Kongo og byrja gå til åtak på MPLA sine geriljasoldatar, som hadde ein base i provinsen Cuanza Norte.[1]

Overgang til eit sjølvstendig Angola

Nellikrevolusjonen

Den 25. april 1974 blei det utført eit militærkupp i Lissabon. Folket kunne ikkje lenger akseptera undertrykkinga til diktaturet, og ein stor del av militæret hadde fått nok av dei meiningslause krigane i dei afrikanske koloniane til Portugal. Yngre offiserar gjennomførte eit militærkupp og fekk uventa hjelp av sivil motstand frå folket. Folk sette nellikar i opningane på gevær, og det blei ikkje avfyrt nokon skot.

Alvoravtalen

Alvoravtalen om sjølvstende for dei portugisiske afrikanske koloniane blei underskriven den 15. januar 1975 i den vesle byen Alvor sør i Portugal. Angola fekk ei overgangsregering beståande av MPLA, UNITA og FNLA under leiing av admiral Rosa Coutinho. Denne skulle styra Angola til 11. november same året, då landet skulle bli sjølvstendig etter frie val som skulle haldast i oktober. Men FNLA og UNITA braut avtalen, og samla styrkane sine for å knusa MPLA.[2]

Kampen om Luanda

Det gjaldt å få kontroll over så stor del av Angola som mogleg. MPLA kontrollerte Luanda, UNITA ein stor del av sørlege Angola og FNLA trengde inn frå Kongo med 3000 velopplærte soldatar. UNITA hadde støtte frå den moderne sørafrikanske hæren og fly. MPLA hadde kalla på kubanske troppar som kom med fly til Luanda den 5. november. FNLA og UNITA kunngjorde at eksilregjeringa GRAE kom til å ha Huambo som hovudstad.[3]

Den 10. november blei FNLA stoppa i utkanten av Luanda. MPLA med hjelp av Cuba knuste hæren til FNLA i slaget ved Kifangondo.[4]

FNLA deltok deretter berre sporadisk i borgarkrigen. Holden Roberto flytta til Paris.

Republikken Angola

I 1991 skreiv MPLA og UNITA under på ein fredsavtale som gjorde det mogleg å gjera Angola til ein fleirpartistat, og kommuniststaten blei oppheva. I parlamentsvala i 2008 og 2012 fekk FNLA rundt 11 % av stemmene.

Galleri

Merknadar

  1. Leopoldville döptes om till Kinshasa efter självständigheten 1 juli 1960
  2. Savimbi hade blivit utsedd till generalsekreterare i UPA.
  3. GRAE Govêrno revolucionário de Angola no exílio, ungefär Angolas revolutionära exilregering.


Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Befrielsekampen 1977, s. 140-142.
  2. Befrielsekampen 1977, s. 146.
  3. Kapuscinski 1987, s. 112-122.
  4. ”Legosoldat vittnar om striden vid Kifangondo” Arkivert 30. september 2013 på Wayback Machine.. Läst 5 augusti 2017.
Kembali kehalaman sebelumnya