Elite Hotel er det tredje studioalbumet til den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i 1975. Elite Hotel var det andre albumet til Harris i 1975, etter det kritikarroste Pieces of the Sky. Elite Hotel nådde høgare på Billboard-lista, og vart det første albumet hennar som gjekk til topps på countrylista. Albuemt inneheldt òg to singlar som nådde toppen av countrysingel-lista: «Together Again» og Harris si utgåve av Patsy Cline-hitten «Sweet Dreams». Songen «One of These Days» nådde tredjeplassen på lista. Ei utgåve av The Beatles-songen «Here, There and Everywhere» gjekk inn på poplista på ein 65. plass. Den ekelektiske musikksmaken til Harris kom igjen til syne i valet av songar på albumet, som Hank Williams, The Beatles, Gram Parsons og Buck Owens.
Harris vann Grammyprisen for beste kvinnelege countrysong for albumet.