Edirne ligg kring 220 km vest for Istanbul nær grensemøtet mellom Bulgaria, Hellas og Tyrkia, og ved den nordaustre breidda av den tyrkisk-bulgarsk-greske grenseelva Meriç (gresk Évros, bulgarsk Maritsa). Sideelva Tunca (gresk Tónzos, bulgarsk Tundzja) når Edirne frå nord, krinsar den vestlege halvdelen av den indre byen i ein stor boge og munnar sør for sentrum ut i Meriç. Difor har byen knapt vakse noko særleg mot vest, men heller mot søraust.
Historie
Edirne-området har vore skodeplass for ikkje mindre enn 16 større slag eller kringsetjingar, heilt sidan den greske antikken. Militærhistorikeren John Keegan har kalla Edirne «den mest omstridde byen i verda», og forklarar dette med den geografiske plasseringa til byen.
Antikken
Byen vart grunnlagt på 100-talet evt. av den romerske keisaren Hadrian som Hadrianopolis (Aδριανούπολις), på staden for den tidlegare trakiske busetjinga Uskadama.[1]
Han kom seinare til å bli kalla Adrianopel. Slavarane kalla byen Odrin eller Jedren. Desse namna, greske, tyrkiske og slaviske variantar, går alle tilbake på det opphavleg latinske namnet.
I 1361[1][5] vart Edirne erobra av generalen til sultan Murad I, Lalashahin (Lala Şâhin Paşa). Byen overtok rolla til Bursasom hovudstad i Det osmanske riket i 1365 og vart verande hovudstad heilt til år 1458, med unntak av ei borgarkrigstid 1402-1413, då Bursa igjen var hovudstad. I 1458 vart hovudstaden flytta til den nyleg erobra Konstantinopel.
I 1575 reiste sultan Selim II den mektige Selimiyemoskéen i Edirne, som var teikna av den store osmanske arkitekten Sinan med fire minareter av ei høgd på 70,9 meter. Dei er framleis dei høgaste i det moderne Tyrkia. I følgje segna denne moskeen 999 vindauge.
Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av bahá'í-trua, budde i Edirne mellom 1863 og 1868. Han vart så forvist derfrå, til Akko.
Under den siste russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 vart Adrianopel kringsett av russarane den 20. januar 1878. Den 31. januar vart ein der samde om fredspreliminærer og vilkår for ein våpenkvile, som vart innleiinga til freden i San Stefano.[4]
Etter den russisk-tyrkiske krigen 1877-78 var festningane i Adrianopel i og for seg blitt forsterka, men då den første balkankrigen braut ut i 1912, var dei umoderne i likskap med kanonane, som dessuten mangla panservern. Den 22. oktober 1912 vart byen, som var forsvart av Shukru Pasha (Mehmed Şükrü Paşa) med omkring 45 000 mann, kringsett av den andre bulgarske armeen, som i slutten av månaden vart forsterka av serbiske tropper og i mars 1913 vart ytterlegare forsterka, slik at kringsetjingsstyrkane til slutt talte omkring 100 000 mann og kring 140 stykk artilleri under general Ivanov sitt befal. Etter langvarig skotutveksling og mindre gjensidige åtak sette ein den 24. mars 1913 eit generelt åtak. Framskutte stillingar vart innteken den 25. mars, og den 26. mars vart byen storma så effektivt at Shukru Pasha ved totida vart nøydd til å gje opp festninga. I preliminærfreden i London 30. mai 1913 avstod Tyrkia blant anna Adrianopel, som tilfalt Bulgaria.
Same året braut den andre balkankrigen ut, då trykarane den 23., juli okkuperte Adrianopel utan nemneverdig motstand frå bulgararane, og i freden 29. september 1913 vart Adrianopel avstått til Tyrkia.[6]
Under første verdskrigen vart Adrianopel bombardert av engelske fly den 14. april 1916. Etter krigen var over tilfall byen i 1919 Hellas; dette vart stadfesta i 1920 i freden i Sèvres, som aldri vart ratifisert, og byen var gresk mellom 1920 og 1923. Byen tilfall derimot Tyrkia i Lausannefreden.[1]