Europameisterskapen i fotball 2016 var den 15. europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen gjekk føre seg i Frankrike frå 10. juni til 10. juli 2016. 24 land deltok i meisterskapen, åtte fleire enn i dei føregåande europameisterskapane. Portugal vart europameister etter å ha vunne finalen med 1—0 over Frankrike etter ekstraomgangar.
Det første offisielle EM i fotball vart arrangert i Frankrike i 1960. Frankrike har arrangert fleire store fotballturneringar; VM 1938, EM 1984 og VM 1998. Frankrike vann dei to sistnemnde. Fleire av stadiona for Euro 2016 har derfor vore i bruk i tidlegare meisterskap, men er blitt renovert for denne meisterskapen.
Turneringformat
Med 24 lag vil ein i stor grad følgje same format som for Fotball-VM frå 1986 til 1994, men som vanleg i EM-samanheng utan bronsefinalen. Det vil dermed bli gruppespel med 6 grupper a 4 lag, deretter åttandedelsfinalar, kvartfinalar, semifinalar og finalen, totalt 51 kampar.
Både einaren og toaren frå kvar gruppe, samt dei fire beste (av seks) trearane går dermed vidare frå gruppespelet til cupspelet.
Dei fire beste blant laga som enda på tredjeplass i gruppespelet, vil gå vidare til sluttspelet saman med dei tolv laga som enda på første- og andreplass.
Finaleoppgjeret mellom Frankrike og Portugal gjekk føre seg sundagskvelden 10. juli på Stade de France i Paris/Saint-Denis framfor 75 868 tilskodarar. Etter 65 minutt utan store målsjansar, steig spenninga då i fremste rekke Frankrike byrja angripe med større kraft. I sluttsekunda av ordinær tid var Olivier Giroud nær ved å avgjere kampen med eit skot på innsida av stolperota. Eder, ein av innbytarane til Portugal, vart matchvinnar i andre ekstraomgang med eit lågt skot frå om lag 23 meter.