Toulouse (oksitansk: Tolosa) er ein by sørvest i Frankrike ved breidda av elva Garonne og kanalen Canal du Midi, halvvegs mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Byen er den fjerde største i landet, og med nær 1,1 millionar innbyggjarar i 2006 er storbyområdet til Toulouse det femte største i Frankrike og det raskast veksande i Europa. Han er senteret for den europeiske romfart- og luftfartssindustrien, og hovudkvarteret til Airbus ligg mellom anna her.
Toulouse var hovudstad i den tidlegare provinsen Languedoc (provinsar vart nedlagd under den franske revolusjonen). Han er no hovudsatd i regionen Midi-Pyrénées, den største regionen i Frankrike, og préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Garonne. Byen er sete for Académie des Jeux Floraux, som tilsvarar Fransk Akademi for den oksitansksnakkande regionen i Sør-Frankrike. Toulouse er derfor uoffisiell hovudstad for den oksitanske kulturen. Den tradisjonelle oksitanske krossen er nytta som symbol for både byen og regionen Midi-Pyrénées.
Toulouse er kjend som den rosa byen (la ville rose) sidan dei fleste eldre bygningane er bygd med ein lokalt produsert teglstein som er rosa. Toulouse er ein stor universitetsby med meir enn 100 000 studentar. Universitet i byen vart grunnlagd i 1228.
Universitet
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Toulouse