Document er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1987 . Plata var den fyrste som vart produsert av både Scott Litt og R.E.M. sjølv, eit samarbeid som heldt fram med Green , Out of Time , Automatic for the People , Monster og New Adventures in Hi-Fi , som dei alle fekk suksess med.
Etter Document gjekk kontrakten med I.R.S. Records ut. R.E.M. var klare til å verte eit stort rockeband, og signerte difor året etter ein kontrakt med eit større selskap, Warner Bros. Records , om fem album, og den kommersielle inntekta deira voks med det mykje.
Innhald
Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry , Peter Buck , Mike Mills og Michael Stipe , om ikkje anna er oppgjeve.
«Finest Worksong» - 3:48
«Welcome to the Occupation» - 2:48
«Exhuming McCarthy» - 3:19
«Disturbance at the Heron House» - 3:33
«Strange» (Bruce Gilbert , Graham Lewis , Colin Newman , Robert Gotobed ) - 2:32
«It’s the End of the World as We Know It (And I Feel Fine)» - 4:07
«The One I Love» - 3:17
«Fireplace» - 3:24
«Lightnin’ Hopkins» - 3:18
«King of Birds» - 4:07
«Oddfellows Local 151» - 5:21
Studioalbum EP-ar Samlealbum Andre album Filmar