Singelen «Losing My Religion» vart gjeven ut før albumet og vart den største hitten til bandet i USA og var med på å slå bandet igjennom verda over. Albumet gjekk til førsteplass på både den amerikanske og den britiske albumlista. På VG-lista nådde albumet 4. plass og låg på lista i totalt 34 veker i 1991, 2000 og 2001.[2]
Albumet vann tre Grammy Awards i 1992, ein for «beste alternative musikkalbum» og to for den første singelen «Losing My Religion».
I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet QOut of Time fram som det 38. beste albumet gjennom tidene, medan det på ei ny kåring i 2006 hamna på 37. plass. I 2006 vart albumet valt ut av TIME Magazine som eit av dei 100 beste albuma nokon gong.[3]