Den polske arvefølgjekrigen

Den polske arvefølgjekrigen

Omleiringa av Gdańsk av russisk-saksiske styrkar i 1734.
Dato 1733-1738
Stad Europa: Polen, Rhinland, Nord-Italia
Krigsårsak Strid mellom stormaktene om arvefølgja til den polske trona
Resultat Fransk/savoiisk/spansk siger, men August III tiltredde trona
Styrkar
Polen under

Stanislaus Leszczyński
Frankrike
Det spanske riket 1701-1748 Spania
Savoie Hertugdømet Savoie

Polen under

August III av Polen
Russland
Austerrike (1804-1867) Habsburgmonarkiet
Sachsen Sachsen

Den polske arvefølgjekrigen
Kehl  · Pizzighettone · Danzig · Bitonto  · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen

Den polske arvefølgjekrigen (1733-1738) var ein europeisk storkrig som starta som ein polsk borgarkrig over kven som skulle vere etterfølgjaren til Augustus II, konge av Polen. Frankrike og Spania, dei to Bourbon-maktene, prøvde å bremse makta til austerrikske habsburgarane i Vest-Europa, og det same gjorde kongedømet Preussen. I aust mobiliserte Sachsen og Russland for å støtte den eventuelle polske sigerherren. Etter nokre kampar i Polen tok August III, som i tillegg til Russland og Sachsen, hadde politisk støtte hos habsburgarane.

Dei store felttoga i krigen skjedde utanfor Polen. Bourbonane, støtta av Karl Emmanuel III av Sardinia, prøvde å ta isolerte Habsburg-moråde. I Rhinland tok Frankrike hertugdømet Lorraine, og i Italia fekk Spania kontroll over kongedøma Napoli og Sicilia (som dei hadde tapt i den spanske arvefølgjekrigen), medan det skjedde få byte av landområde i Nord-Italia, trass i blodige felttog. Storbritannia var motvillige til å støtte Habsburg-Austerrike og dette skapte store sprekkar i den engelsk-austerrikske alliansen, og kan ha vore medverkande til at Austerrike mislukkast i krigen.

Sjølv om ein oppnådde ein foreløpig fredsavtale i 1735, enda ikkje krigen formelt før med freden i Wien i 1738 der August III vart stadfesta som konge av Polen og motstandaren Stanisław Leszczyński (som i røynda ikkje hadde fått noko utanlands militærstøtte) fekk hertugdømet Lorraine. Frans Stefan, hertugen av Lorraine, fekk storhertugdømet Toscana som kompensasjon for tapet av Lorraine. Hertugdømet Parma gjekk til Austerrike, medan Karl av Parma tok kronene Napoli og Sicilia, noko som førte til at Bourbon-familiane fekk større område. Polen gav òg opp kravet sitt på Livland og direkte kontroll over Hertugdømet Kurland og Semigallen, men det vart verande eit polsk len, sjølv om det kom inn under russisk påverknad.

Åsaker

Polsk arvefølgje

Den tidlegare polske kongen Stanisław Leszczyński håpte å verte gjenvald som konge ein gong til etter at fienden hans, August II av Sachsen, ikkje klarte å gjere den polske krona arveleg i familien sin. Tretti år tidlegare hadde Stanisław Leszczyński vorte sett inn som konge av polen av kong Karl XII av Sverige då Sverige dominerte i området under den store nordiske krigen, og vart kasta ut etter Poltava av dei sigrande russarane. Stanisław fekk støtte av svigersonen sin, kong Ludvig XV av Frankrike, som håpte å fornye den gamle alliansen med Polen og på den måten balansere Russland og Austerrike i Nord- og Aust-Europa.

I 1732 irriterte keisarinne Anna av Russland, den tysk-romerske keisaren Karl VI og kong Fredrik Vilhelm I av Preussen over Augustus, men ville heller ikkje la Stanisław verte ny konge. Dei valde å heller støtte kandidaturet til Emmanuel av Portugal for den polske trona.

Franske mål

Den franske statsministeren kardinal Fleury såg den polske striden som ein sjanse til å slå eit slag mot den austerrikske makta i vest utan å framstå som angripar. Han brydde seg lite om kven som vart ny konge av Polen, men å støtte kongen sin svigerfar virka sympatisk, og han håpte og nytte krigen for å audmjuke austerrikarane, og kanskje sikre seg Hertugdømet Lorraine, som franskmennene lenge hadde ønskt. Lorraine var under hertug Frans Stefan, som var venta å gifte seg med keisarinne Karl si dotter, Maria Teresia. Dette ville føre den austerrikske makta farleg nær den franske grensa.

Ludvig XV gjekk saman med onkelen, kong Filip V av Spania, som håpte å skire område i Italia for sønene sine gjennom sitt andre ekteskap med Elizabeth Farnese. Særleg håpte han å sikre seg Mantova for den eldste sonen Don Carlos, som alt var hertug av Parma, og eit håp om å få tak i Storhertugdømet Toscana, og kongedøma Napoli og Sicilia for den yngste sonen Don Felipe. Dei to bourbonske monarkane fekk òg støtte frå Karl Emmanuel III av Savoie, som håpte å få det austerrikske Hertugdømet Milano.

Sjølv om austerrikarane hadde håpt på støtte frå dei maritime stormaktene Storbritannia og Nederland vart dei skuffa, sidan både nederlendarane og britane ønskte å halde seg nøytrale. Franskmennene ønskte ikkje å provosere dei og heldt seg unna Dei austerrikske Nederlanda. Austerrikarane stod dermed i realiteten utan effektive allierte. Deira russiske og saksiske allierte var stort sett opptekne med å avslutte det polske felttoget. Keisaren stolte ikkje på Fredrik Vilhelm I av Preussen, som var villig til å gje støtte, men berre nominelt. Bayern og andre mellomstore tyske statar ønskte å halde seg nøytrale på grunn av ein allianse med Frankrike, og dermed var berre eit par små tyske statar att - Kurfyrstedømet Hannover, der Georg II var villig til å hjelpe i rolla som kurfyrste.

Krigen

Polen

August II døydde 1. februar 1733, og den polske adelen, leia av primasen Teodor Potocki, kalla inn til val. Russarane og austerrikarane såg den sterke støtta som Leszczyński fekk og gav opp støtta si til Emmanuel av Portugal, og vendte seg mot Fredrik August av Sachsen, sonen til den tidlegare kongen, og det einaste rimelege alternativet. Dei russiske og austerrikske hærane var mobiliserte for å true valforsamlinga, men dei valde likevel Leszczyński.

Den russisk hæren under feltmarskalk Peter Lascy entra polsk territorium for å støtte kravet om Fredrik August av Sachsen. Ei gruppe adelsmenn, hovudsakleg litauiske magnatar leia av hertug Michael Wiśniowiecki (tidlegare litauiske storkanslar nominert av August II) forlet valet for å slå seg saman med russarane. Denne gruppa valde Fredrik August som konge av Polen, som Augustus III. Trass i at denne gruppa var i mindretal, anerkjende russarane og austerrikarane, som begge ønskte påverknad internt i Polen, August som konge.

Russarane, leia av von Münnich, tok raskt Warszawa og sette August på trona, medan Stanisław vart tvungen på flukt til Danzig i Preussen, i dag Gdańsk i Polen, der han var omleira ein periode av ein russisk-saksisk hær. Danzig var okkupert i juni 1734 og Stanisław flykta til svigersonen sin i Frankrike.

Krigen i Polen var stort sett over og var ein utvetydig siger for russarane og kandidaten deira. Ei gruppe adelsmenn som støtta Stanisław danna Dzikow-forbundet (1734) og under kommandanten deira, Adam Tarło, prøvde dei å kjempe mot russarane og saksarane, utan stort hell.

Rhinland

Trass i ein rask russisk siger enda ikkje krigen. Krigen skulle verte ein katastrofe for austerrikarane. Sidan Nederland heldt seg nøytrale, vart krigen kjempa på to frontar, ved Rhinen og i Italia. Rhinfelttoget vart det siste for to store generalar av den førre generasjonen, fyrst Eugene av Savoie og hertugen av Berwick — sistnemnde vart drepen i omleiringa av Philippsburg — samt den første gongen den unge kronprinsen av Preussen deltok i krig, Fredrik den store. Franskmennene fekk størt suksess her og dei køyrte over Lorraine og erobra den viktige festninga i Philippsburg på høgresida av Rhinen.

Italia

I Italia møtte austerrikarane enno verre tilhøve. I nord oppstod det to harde slag. Austerrikarane vann slaget i Parma (eller San Pietro) (29. juni 1734) og franskmennene og deira allierte vann slaget ved Luzzara (eller Guastalla) (19. september 1734). I sør tapte derimot austerrikarane stort, og spanjolane vann ein lett siger i Bitonto og erobra Napoli og Sicilia i mai 1734.

Fredsavtalen

Austerrikarane var ikkje i stand til å kjempe vidare og franskmennene var uroa over russiske forsterkingar, som nådde fram til Rhinen for første gong i historia under dette felttoget. Fredsforhandlingane kom derfor raskt i gang.

Ein tidleg fredsavtale vart sett i oktober 1735 og ratifisert med Wienertraktaten (november 1738). August vart stadfesta som konge av Polen og Stanisław fekk hertugdømet Lorraine i kompensasjon, som gjennom dottera hans gjekk til Frankrike då han døydde. Den tidlegare hertugen av Lorraine, Frans Stefan vart den nye arvingen av Storhertugdømet Toscana, som han tok over i 1737.

Karl III av Spania vart tvungen til å gje opp kravet sitt om Toscana, men òg hertugdømet Parma, som han tidlegare hadde eigd. Desse kom under austerriksk styre, men han var rikt kompensert som konge av Napoli og Sicilia. Filip av Parma fekk lite og ingenting. Sjølv om kampane stoppa etter den første freden i 1735, kom ikkje den endelege fredsavtalen i stand før den siste av Medici-familien døydde i Toscana, Gian Gastone i 1737.

Franskmennene (og deira allierte) håpte no på gode forhold til austerrikarane og anerkjende den pragmatiske sanksjonen, som ville la dotter til keisar Karl, Maria Tersia overta etter han. Dette viste seg å vere ein falsk garanti, og franskmennene valde å blande seg inn i då Karl døydde i 1740. Frankrike fekk Lorraine frå den tidlegare polske kongen, då Stanisław døydde i 1766.

I Polen sa Stanisław frå seg trona i 1736, medan August III erklærte generell amnesti for Stanisław.

Kjelder

Read other articles:

Jembatan Williamsburg menghubungkan Brooklyn dengan Manhattan. Williamsburg adalah wilayah yang terletak di Brooklyn, New York City. Wilayah ini berbatasan dengan Greenpoint di utara, Bedford–Stuyvesant di selatan, Bushwick dan Ridgewood, Queens di timur, dan East River di barat. Williamsburg merupakan bagian dari Brooklyn Community Board 1. Williamsburg merupakan pusat rock indie, budaya hipster, dan seni lokal. Banyak kelompok etnis yang memiliki daerahnya sendiri, seperti orang Italia, Y...

 

1981 studio album by Brotherhood of Man20 Disco GreatsStudio album by Brotherhood of ManReleasedNovember 1981GenrePop, MORLength57:45 (Disco Greats) 59:01 (Love Songs)LabelWarwickProducerTony HillerBrotherhood of Man chronology Sing 20 Number One Hits(1980) 20 Disco Greats(1981) Lightning Flash(1983) 20 Love SongsCover of 20 Love Songs 20 Disco Greats / 20 Love Songs is a double album released by British pop group Brotherhood of Man which was released as two separate albums, but sold ...

 

Badan Penelitian dan Pengembangan Industri Kementerian Perindustrian Republik IndonesiaGambaran umumDasar hukumPeraturan Presiden Nomor 29 Tahun 2015Susunan organisasiKepala Badan-Situs webhttp://www.kemenperin.go.id/ Badan Penelitian dan Pengembangan Industri merupakan unsur pendukung pada Kementerian Perindustrian Republik Indonesia yang berada di bawah dan bertanggung jawab kepada Menteri Perindustrian Republik Indonesia.[1] Pranala luar (Indonesia) Situs web resmi Kementerian...

Protected area in New South Wales, AustraliaBroulee Island Nature ReserveNew South WalesIUCN category IV (habitat/species management area) Broulee Island looking south from Burri PointBroulee Island Nature ReserveNearest town or cityBrouleeCoordinates35°51′28″S 150°11′18″E / 35.85778°S 150.18833°E / -35.85778; 150.18833EstablishedApril 1972 (1972-04)[1]Area0.43 km2 (0.2 sq mi)[1]Managing authoritiesNSW National Park...

 

Part of a series onAlsaceRot un Wiss, traditional flag of Alsace History Germania Superior (Pagus Alsatiae) (83–475) Alemanni (circa 213–496) Alamannia (3rd-century–911) Duchy of Alsace (circa 630–699) Treaty of Verdun (843) Prince-Bishopric of Strasbourg (982–1803) County of Ferrette (11th-century–14th-century) Salm (1165−1793) Landgraviate of Alsace (1186–1646) Lower Alsace Upper Alsace Further Austria (13th-century–1648) Décapole (1354–1679) County of Hanau-Lichtenber...

 

1932 oil painting by Pablo Picasso Le RêveEnglish: The DreamArtistPablo PicassoYear1932MediumOil on canvasMovementCubismDimensions130 cm × 97 cm (51 in × 38 in)LocationPrivate collection of Steven A. Cohen Le Rêve (English: The Dream) is a 1932 oil on canvas painting (130 × 97 cm) by Pablo Picasso, then 50 years old, portraying his 22-year-old mistress Marie-Thérèse Walter. It is said to have been painted in one afternoon, on 24 January 19...

Berikut ini adalah daftar mereka yang pernah menjabat sebagai Pimpinan Kampus Bumi Siliwangi (UPI), dari mulai Dekan PTPG Bandung, Dekan FKIP UNPAD, Rektor IKIP Bandung hingga berubah menjadi Universitas Pendidikan Indonesia (UPI). Rektor Universitas Pendidikan IndonesiaPetahanaProf. Dr.M. SolehuddinM.Pd., M.A.sejak 16 Juni 2020Kediaman resmiRumah Dinas Rektor UPIJalan Geger Kalong Girang, Sukasari, BandungMenjabat selama5 TahunPemegang pertamaProf. Dr. H. Roeslan AbdulganiDibentuk2 Mei ...

 

Turgut Özal Presiden Republik Turki ke-8Masa jabatan9 November 1989 – 17 April 1993PendahuluKenan EvrenPenggantiSüleyman Demirel Informasi pribadiLahir13 Oktober 1927MalatyaMeninggal17 April 1993AnkaraKebangsaanTurkiSuami/istriSemra ÖzalSunting kotak info • L • B Turgut Özal (13 Oktober 1927 – 17 April 1993) adalah pimpinan politik, perdana menteri, dan presiden Turki ke-8. Ia adalah tokoh politik dari Kurdi [1] Diarsipkan 2006-05-13 di Wayback Mac...

 

This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Regina Red Sox – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2016) (Learn how and when to remove this message) Regina Red SoxInformationLeagueWestern Canadian Baseball LeagueLocationRegina, SaskatchewanBallparkCurrie FieldLeague championships2011, 2012...

Muhammad UlinnuhaInformasi pribadiKebangsaan IndonesiaLahir5 September 1991 (umur 32)Surakarta, IndonesiaPeganganKananGanda PutraPeringkat tertinggi28 Ricky Karanda Suwardi (7 Oktober 2012)Peringkat saat ini28 Ricky Karanda Suwardi (11 Oktober 2012) Muhammad Ulinnuha (lahir 5 September 1991) adalah salah satu pemain bulu tangkis Ganda Putra Indonesia berpasangan dengan Ricky Karanda Suwardi. Prestasi Ganda Putra 2009: Juara 2009 Auckland International (besama Berry Anggria...

 

Wrestling at the 1990 Asian GamesVenueShijingshan GymnasiumDates23 September – 3 October 1990← 19861994 → Wrestling was one of the sports which was held at the 1990 Asian Games in Shijingshan Gymnasium, Beijing, China between 23 September and 3 October 1990. The competition included only men's events. Medalists Freestyle Event Gold Silver Bronze 48 kg Kim Jong-shin South Korea Ombir Singh India Tserenbaataryn Khosbayar Mongolia 52 kg Ovei...

 

6th-century gospel book in England The evangelist portrait of Luke under the inscription Iura sacerdotii Lucas tenet ore iuuenci from Carmen paschale by Coelius Sedulius. Gospels of Saint Augustine, Corpus Christi College, Cambridge, Ms. 286, fol. 129v The St Augustine Gospels (Cambridge, Corpus Christi College, Lib. MS. 286) is an illuminated Gospel Book which dates from the 6th century and has been in the Parker Library in Corpus Christi College, Cambridge since 1575. It was made in Italy a...

Pour les articles homonymes, voir Carter. Fondation CarterHistoireFondation 1982CadreType Organisation à but non lucratif, organisation non gouvernementaleForme juridique Association 501(c)(3)Siège AtlantaPays  États-UnisOrganisationFondateurs Jimmy Carter, Rosalynn CarterPrésident Jason Carter (en) (depuis 2015)Sponsor National Endowment for DemocracyChiffre d'affaires 331,9 M$ (2016), 117,8 M$ (2017), 130,3 M$ (2018), 128 M$ (2019)Site web (en) www.cartercenter.orgIdentifiant...

 

كاترين الإسكندرانية معلومات شخصية الميلاد 287الإسكندرية الوفاة 305الإسكندرية سبب الوفاة قطع الرأس  مواطنة روما القديمة  الحياة العملية المهنة مبشرة  تعديل مصدري - تعديل   كاترينا الإسكندرانية، لوحة لكارلو كريفيلي كاترينا الإسكندرانية (باليونانية: ἡ Ἁγία Αἰκατε...

 

Fortress in Bosnia and Herzegovina Hutovo fortressHadžibegov Grad (Hajji bey fort)Neum, Bosnia and Herzegovina Hadžibegov Grad (Hajji bey fort)Hutovo fortressCoordinates42°57′04″N 17°48′11″E / 42.9510122°N 17.8031275°E / 42.9510122; 17.8031275TypeCastle, fortification)Site informationOwnerRizvanbegović noble familyControlled by Hajji Mehmed bey Rizvanbegović Ottoman Bosnia 1802—1832 ConditionRuined(National Monument of Bosnia and Herzegovina)Site...

American football player (born 1993) Not to be confused with Tyrone Montgomery. American football player Ty MontgomeryMontgomery with the New Orleans Saints in 2021Personal informationBorn: (1993-01-22) January 22, 1993 (age 31)Jackson, Mississippi, U.S.Height:6 ft 0 in (1.83 m)Weight:220 lb (100 kg)Career informationHigh school:St. Mark's School of Texas (Dallas, Texas)College:Stanford (2011–2014)Position:Running backNFL draft:2015 / Round: 3 / ...

 

一中同表,是台灣处理海峡两岸关系问题的一种主張,認為中华人民共和国與中華民國皆是“整個中國”的一部份,二者因為兩岸現狀,在各自领域有完整的管辖权,互不隶属,同时主張,二者合作便可以搁置对“整个中國”的主权的争议,共同承認雙方皆是中國的一部份,在此基礎上走向終極統一。最早是在2004年由台灣大學政治学教授張亞中所提出,希望兩岸由一中各表�...

 

Former American investment bank For other uses of the name Salomon, see Salomon. Salomon Brothers, Inc.1 New York Plaza which was Salomon Brothers' headquarters starting in 1970Company typePublicTraded asNYSE: SBIndustryFinancial servicesFounded1910; 114 years ago (1910)FoundersArthur SalomonHerbert SalomonPercy SalomonDefunct2003; 21 years ago (2003) (name dropped by Citigroup)FateAcquired by Travelers Group in 1997SuccessorSalomon Smith Barney (1997�...

This article includes a list of general references, but it lacks sufficient corresponding inline citations. Please help to improve this article by introducing more precise citations. (September 2018) (Learn how and when to remove this message)List of events ← 1864 1863 1862 1865 in the United States → 1866 1867 1868 Decades: 1840s 1850s 1860s 1870s 1880s See also: History of the United States (1865–1918) Timeline of United States history (1860–1899) List of years in the United...

 

American politician Colleen DavisDavis in 2023Treasurer of DelawareIncumbentAssumed office January 1, 2019GovernorJohn CarneyPreceded byKen Simpler Personal detailsBornColleen Carroll1979 or 1980 (age 43–44)Political partyDemocraticEducationPhiladelphia University (BS, MS)SignatureWebsiteGovernment website Colleen Davis (née Carroll; born 1979 or 1980) is an American politician and a member of the Democratic Party serving as the Delaware State Treasurer since 2019...