1) Statsleiarane i lista her er dei første og siste i kvar tittel. 2) Tittel Hertug vart berre nytta etter 1525. 3) Stillinga Ministerpräsident vart innført i 1792 då Preussen vart eit kongedøme. Statsministrane her er frå Republikken Preussen
Preussen (eller Preußen, latinBorussia eller Pruteina, latviskPrūsija, polskPrusy, gammalprøyssiskPrūsa) var namnet på ein geografisk region, eit hertugdøme, og frå 1701 eit kongerike som etter 1871 høyrde til Det tyske riket. Staten hadde i fleire hundreår stor innverknad på tysk og europeisk historie. Den siste hovudstaden i Preussen var Berlin.
Preussen hadde si stordomstid på 1700- og 1800-talet. På 1700-talet vart nasjonen ein europeisk stormakt under regjeringstida til Fredrik II av Preussen (1740–86). På 1800-talet prøvde kanslar Otto von Bismarck å samle dei tyske fyrstedøma i eit «Mindre Tyskland», som ekskluderte Det austerrikske riket.