Dalgliesh Bay er ei bukt som ligg mellom Lainez Point og Bongrain Point på vestsida av Pourquoi Pas Island, utanfor vestkysten av Graham Land. Ho vart først grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Ho vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og kalla opp etter David G. Dalgliesh, som var militærlege i FIDS ved Stonington Island i 1948–49, og som var med på landmålingane i området i 1948.[1]
Kjelder