Stonington Island er ei klipperik øy som ligg 1 nautisk mil nordaust for Neny Island i den austlege delen av Marguerite Bay, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Stonington Island er 750 meter lang frå nordvest til søraust og 300 meter brei og via ei snøfonn knytt til Northeast Glacier på fastlandet. East Base, basen til U.S. Antarctic Service (USAS) sin ekspedisjon (1939–1941), vart bygd på Stonington Island og øya vart av dei kalla opp etter Stonington i Connecticut, heimehamna til sluppen «Hero» som kaptein Nathaniel Palmer nytta då han såg Antarktis i 1820.[1]
Basen var òg British Antarctic Survey sin Base E under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, og var base for operasjonar for mange historiske landmålingsoppdrag på Den antarktiske halvøya i 1940-åra. Base E var i drift til februar 1975, og vart vaska og reparert i 1992.[2]
Hytta er verna under Antarktistraktaten.[3]
Klima
Vêrdata for Stonington Islands
|
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sep
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
År
|
Høgast målte °C
|
6
|
7
|
8
|
7
|
4
|
7
|
4
|
4
|
5
|
6
|
8
|
7
|
8
|
Gjennomsnittleg maks °C
|
3
|
1
|
−2
|
−4
|
−6
|
−8
|
−8
|
−9
|
−8
|
−4
|
−3
|
2
|
−4
|
Gjennomsnittleg min °C
|
−3
|
−4
|
−8
|
−10
|
−14
|
−17
|
−18
|
−19
|
−16
|
−13
|
−9
|
−3
|
−11
|
Lågast målte °C
|
−12
|
−11
|
−35
|
−27
|
−36
|
−37
|
−36
|
−37
|
−39
|
−29
|
−20
|
−13
|
−39
|
Gjennomsnittleg nedbør mm
|
10
|
15
|
25
|
25
|
43
|
28
|
33
|
25
|
41
|
43
|
23
|
5
|
316
|
Gns. dagar med regn
|
3
|
4
|
7
|
7
|
9
|
6
|
7
|
7
|
7
|
8
|
5
|
1
|
71
|
Kjelde: [1]
|
Sjå òg
Kjelder