Marguerite Bay eller Margaret Bay er ei stor bukt på vestsida av Den antarktiske halvøya, som i nord grensar til Adelaide Island og i sør til Wordie isbrem i George VI Sound og Aleksanderøya. Kysten av fastlandet på Den antarktiske halvøya er Fallières Coast. Av øyar i bukta finn ein Pourquoi Pas Island, Horseshoe Island og Lagotellerie Island. Marguerite Bay vart oppdaga i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under dr. Jean-Baptiste Charcot, som namngav bukta etter kona si.