Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.
Tévez debuterte for Boca Juniors i oktober 2001, og spelte for laget til og med 2004. I desember same år underteikna han ei femårskontrakt med den brasilianske fotballklubben Corinthians. Sommaren 2006 vart Tévez seld til West Ham United.
Han storspela for Argentina sitt landslag då dei vann fotballturneringa under OL 2004 i Athen. Han scora seks mål på seks kampar og vart toppscoraren i turneringa.
Den 1.mai 2009 annonserte Tevez at han mest sannsynleg kom til å spele fotball for eit anna lag enn Manchester United neste sesong. Truleg var grunnen til det, at han ikkje følte seg verdsett i United og at manageren deira, Alex Ferguson, ikkje ville tilby han ei ny kontrakt.
Det vart sett som mest sannsynleg at han ville gå til ein av Uniteds to argaste rivalar, Manchester City eller Liverpool. Det enda opp med å bli Manchester City. Han vart City sin toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen med 22 seriemål.