Romero begynte fotballkarrieren sin hjå Racing Club i Argentina. Han vart seld til AZ i Alkmaar i Nederland for 1,5 millionar euro i 2007. Frå 2008/09-sesongen har han vore førstekeeperen til klubben. I mars 2009 knekte han hand i frustrasjon etter eit tap i kvartfinalen i cupen og var ute med skade i ein månad. Klubben vart seriemeister i Nederland i 2008/09-sesongen.
Romero har representert Argentina på diverse aldersbestemte landslag. I 2008 var han med å vinna fotballturneringa under sommar-OL. Han var første gong med i A-landslagstroppen som unytta reservekeeper då Argentina tapte 2-1 mot Noreg på Ullevaal 22. august 2007. I 2008 debuterte han for Argentina sitt A-landslag og hausten 2009 stod han i mål under dei tre siste, avgjerande kampane til Argentina i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010. Sidan Argentina vann dei to siste kampane, kvalifiserte dei seg til fotball-VM.