* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. juli 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. mars 2009
Juan Sebastián Verón (fødd 9. mars1975 i La Plata i Buenos Aires-provinsen) er ein argentinskfotballspelar som har spela på midtbanen for Estudiantes de La Plata i den argentinske ligaen, og på Argentina sitt landslag. Han vart kåra til årets argentinske spelar i 2006 og årets søramerikanske spelar i 2008 og 2009. Verón har vunne seriemeisterskap i fire ulike lag i tre land: I Italia med Lazio i 2000 og Inter i 2006, i England med Manchester United i 2003 og i Argentina med Estudiantes i apertura-sesongen i 2006. Han har òg vunne UEFA-cupen med Parma i 1999 og Copa Libertadores med Estudiantes i 2009. Han debuterte for Argentina sitt landslag i 1996 i ein kamp mot Polen og har teke del i tre VM for Argentina, i 1998, 2002 og 2010.