Care Heights er ei gruppe stort sett isdekte fjell og ryggar, med ei høgd på opp mot 1500 moh, nord for Tufts Pass og heilt sør i Rouen Mountains nord på Aleksanderøya i Antarktis. Fjella vart fotograferte frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition, 1947–48, og vart kartlagde frå desse bielta av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey, 1960. Dei vart vidare kartlagde frå flyfoto tekne av U.S. Navy 1966–67 og frå Landsat-bilete teken i januar 1974. Høgdene vart namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee i 1977 etter Bernard W. Care, ein geolog i British Antarctic Survey som arbeidde ved Stonington Island, 1973–75; Adelaide Island og nord på Aleksanderøya 1975–76 og 1976-77.
Kjelder