Cape Disappointment er eit nes midtvegs langs vestsida av Powell Island i Sør-Orknøyane. Namnet vart opphavleg gjeve til sørenden av Powell Island av kaptein George Powell og kaptein Nathaniel Palmer i 1821. Namnet syner til at dei var motvillige til å ende reisa si austover, noko dei var nøydde til fordi dei hadde lite forsyningar og dårlege vindtilhøve. I seinare år har namnet alltid vorte nytta om neset på vestsida av øya.
Kjelder