Birdøya eller Bird Island er ei øy utanfor vestenden av Sør-Georgia og mellom dei ligg Bird Sound. Ho er 4,8 km lang og 800 meter brei.
Historie
Ho vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook, som gav ho namnet på grunn av dei mange fuglane som var på øya.
Seint i 1950-åra dreiv amerikanske forskarar undersøkingar på øya. Mellom 1959 og 1962 vart mange av vandrealbatrossane på øya merka, noko som gjorde at ein oppdaga kor langt desse fuglane faktisk dreg. Ein av fuglane vart funnen i Australia.
Då argentinarane okkuperte Sør-Georgia i 1982 var det 15 britar andre stader i øygruppa som argentinarane ikkje kom til. Dei argentinske tapa i Grytviken hindra Argentina frå å ta resten av øya og basen på Birdøya og andre feltleirar vart verande under britisk kontroll.