Sørgeorgiapiplerke (Anthus antarcticus) er ein art i erlefamilien Motacillidae. Denne piplerka er endemisk for Sør-Georgia og næraste øyar, kor populasjonen er anslått til mellom 3000 og 4000 par. Dette er einaste medlemmen av sporvefuglar på øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i heile Antarktis-regionen. Dette er òg ein av dei få ikkje-marine fugleartane som lever i regionen.
Sørgeorgiapiplerke hekkar på Birdøya og andre rottefrie småøyar og holmar ved Sør-Georgia og på område på hovudøya som er isolerte av isbrear.
Sørgeorgiapiplerke beitar på insekt og edderkoppar om sommaren, elles på insekt og krepsdyr i fjæra.
Arten har vore trua av introduksjon av rotter på øyane, og dessutan av miljøskadar som mennesket sjølv er opphav til.
Kjelder
Bakgrunnsstoff