Ben Shemen ungdomslandsby (hebraisk skrift כפר הנוער בן שמן, Kfar HaNo'ar Ben Shemen ) er ein ungdomslandsby og jordbrukskostskule sentralt i Israel . Han ligg nær Ben Shemen og Ginaton og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune . I 2006 hadde han eit folketal på 627.
Historie
Ben Shemen ungdomslandsby, 1920 til 1930-åra
Landsbyen vart grunnlagd i 1927 på landområdet til fabrikken Hadid av Siegfried Lehman . Målet var å gje born sionistisk etikk og lære dei å arbeide med jorda. Dei første elevane ved skulen kom frå Kaunas i Litauen . I dag har han kring 1 000 elevar, og 400 bur i landsby.
I 1947 hadde han eit folketal på kring 1 000.[ 1]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart den isolerte landsbyen kringsett av den arabiske legionen . Elleve ungdommar vart drepne i eit forsøk på å føre inn forsyningar.[ 1]
Kjende elevar har vore Shimon Peres , Shulamit Aloni , Moshe Katsav , Dan Ben Amotz , Micha Tomkiewicz , Amitai Etzioni og Haim Saban .
Kjelder
↑ 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel . Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 16.
Bakgrunnsstoff