Baldred Rock er ei klippe i Fitchie Bay ved Laurie Island i Sør-Orknøyane. Ho ligg like utanfor sørsida av Ferrier Peninsula, 1 km aust-søraust for Graptolite Island. Denne klippa vart kartlagt av Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen under William Speirs Bruce i 1902–04 og vart seinare kalla «Bass Rock» etter likskapen til Bass Rock i Skottland. Namnet Bass Rock var òg nedskrive på kart som eit alternativt namn på ei øy i Joinville Island-gruppa. For å unngå forveksling av desse namna tilrådde UK Antarctic Place-Names Committee i 1954 eit heilt nytt namn for klippa i Fitchie Bay. Baldred Rock er kalla opp etter St. Baldred, den første eremitten som skal ha budd på den skotske Bass Rock.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Baldred Rock» (innhald frå Geographic Names Information System).