Avon Heathcote-estuaret (engelskAvon Heathcote Estuary) er det største, delvis innestengde, grunne estuaret i regionenCanterbury og er eit av dei viktigaste våtmarksområda ved kysten på New Zealand. Internasjonalt er dette godt kjent som eit viktig habitat for trekkfuglar, og det er ein stor ressurs både som rekreasjonsområde og for utdanningsføremål. Ein gong var estuaret høgt verdsett av maoriane for mahinga kai (maori for 'samlingsstad for føde').[1]
Det mest særprega kjennemerket ved innløpet, er den djupe kanalen mellom Rapanui Rock (Shag Rock) og Brighton Spit.
Storleik
Estuaret har eit areal på 8 km², det er grunt (middeldjupna ved vanleg høgvatn er 1,4 meter), og i tidvassona ligg berre 15 % av arealet under vatn når det er fjære sjø ved vanleg [[tidvatn].][2]
Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust
Avon-Heathcote Estuary Ihutai Trust vart danna i 2002. Dette kom som eit resultat av førespurnadar frå ulike samfunnsinteresser om langsiktige handlingsplanar for estuaret. Medlemer i trusten omfattar representantar frå det offentlege, frå lokalmiljøet, eksisterande grupper (Friends of the Estuary og Christchurch Estuary Association), representantar frå Christchurch City Council, Environment Canterbury, tāngata whenua (maoriinteresser) og andre interesser.[3]