Heathcote-elva (maori Ōpawaho[1]) er ei elv som ligg innanfor bygrensene til Christchurch på New Zealand. Ho får tilførsle frå kjelder nær Templetons Road, og i tillegg nedbørsvatn så langt vest frå som Pound Road. Ho snor seg kring foten av Port Hills frå vest til søraust[2].
Det opphavlege namnet til denne elva var Ō-pa-waho, som tyder «staden til den framskotne pāen», eller «utposten», og viser til denne pāen som ein utpost (maori waho) til Kaiapoi. Pāen var bygd i høgreliggjande lende, like nedstraums for den noverande brua, Opawa Road Bridge. Han var ein kvilestad for Ngāi Tahu-folk som reiste mellom Kaiapoi og Horomaka (Banks Peninsula). Området omkring var ein viktig stad for matsanking (mahinga kai), ei kjelde for mengder av føde, særleg tuere (slimål) (Eptatretus cirrhatus) og kanakana (niauga).
Elvefaret var lågtliggjande og svært vått. Når Waimakaririelva steig og fløymde over slettene, vart endå høgareliggjande land utsett for flaum. Gjennom mange hundreår der elva vart brukt både som kjelde for mat og transportveg, fekk iwianeWaitaha, Kāti Mamoe og Ngāi Tahu eit nært tilhøve til denne ressursen. Sumpskogen langs elva var tilhaldsstad for sjø- og skogsfugl. Feller vart regelmessig sett ut etter inanga (fiskeyngel), pātiki (flyndre), og ferskvassål (Anguilla dieffenbachii)[3].
Heathcote-elva har fått namn etter sir William Heathcote, sekretær i Canterbury Association.
Litteratur
Mid-Heathcote River / Opawaho Linear Park Masterplan. Christchurch, New Zealand: Christchurch City Council. 2009.