Avantgarde eller avant-garde er ei nemning som vert brukt om kunstnarisk og intellektuell verksemd som er radikal og nyskapande. Avantgardisme dekker fleire modernistiske kunstretningar som har utfordra den etablerte kunsten og opna nye rom for utviklinga av ei kunstform. Det å vere avantgarde, avantgardistisk eller avantgardist vil jamnast sikte til personar og miljø som er pionerar for nye straumdrag i kulturen, politikken og kunsten.
Ordet avantgarde er fransk og betyr «fortropp».[1] Omgrepet har vorte ført over frå militær terminologi, der det viser til spesialavdelingar som opererer i felten framom større framrykkande hæravdelingar, gjerne bak fienden sine forsvarslinjer.
Avantgardistisk kunst
Den fyrste kunstnariske avantgarde skal ha vore utstillinga Salon des Refusés ('dei refuserte sin salong') i Paris i 1863. Dei refuserte sin salong vart organisert av ei gruppe målarar som ikkje hadde fått stille ut verka sine i Parissalongen/Salongutstillinga. Utstillinga valde verk ut frå strenge og konservative akademiske reglar for kva som var god kunst. Kjende målarar som Gustave Courbet, Paul Cézanne og Édouard Manet viste arbeid i Dei refuserte sitt rom, måleri som seinare har vorte vurdert som store meisterverk.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019