Always on the Run
«Always on the Run» (norsk omsetjing ‘alltid på rømmen’) er ein song frå 2024 av den tyske artisten Isaak. Songen vann Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024 og var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige. Om songen«Always on the Run» er skriven og komponert av Isaak Guderian, Kevin Lehr, Leo Jupiter og Greg Taro. «Always on the Run» var eit av ni bidrag som deltok i den tyske songtevlinga Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024, arrangert av kringkastaren ARD i samarbeid med Norddeutscher Rundfunk (NDR).[2] Songen vann finalen 16. februar 2024, etter å ha fått flest poeng frå juryane og sjåarane.[3][4] Som vinnar av den tyske songtevlinga blei «Always on the Run» det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[5][6] Som eit av «dei fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.[7][8] Listeplasseringar
Kjelder
|