Guderian blei fødd i 1995 av ei islandsk mor og ein tysk far og vaks opp i Porta Westfalica i Nordrhein-Westfalen. Han bur for tida i Espelkamp saman med kona si Loreen og deira to barn.[3][4][5]
Karriere
Guderian byrja sin musikalske karriere som gatemusikar, og starta deretter eit band.[4][5][6] I 2011 deltok han i den tyske versjonen av X Factor med ein versjon av Oasis-hiten «Wonderwall».[7]
Som 18-åring skipa Guderian sitt eige selskap for å organisere lokale og alternative musikkarrangement. I 2020, under COVID-19-pandemien, byrja han å komponere musikk, og i 2021 fekk han sitt store gjennombrott då vann han talentprogrammet Show Your Talent.[5][6] I 2024 deltok Guderian i musikkonkurransen Eurovision Song Contest – Das deutsche Finale 2024, der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Han deltok med låten «Always on the Run» og vann konkurransen etter å ha fått flest poeng frå sjåarane og juryane.[6][8] Han fekk dimed retten til å representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Song Contest laurdag 11. mai 2024.[6] I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.[9]