Alcohol Is Free
«Alcohol Is Free» (gresk Το αλκοόλ είναι δωρεάν, To alkoól eínai doreán, engelsk for Alkohol er gratis) var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk og gresk av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi. Songen er skriven av Státhis Pakhídis. EUROSONG 2013 - a MAD showEllinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) og MAD TV valde ut fire bidrag, mellom dei «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi, som fekk delta i EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. FinalenSongen starta som nummer tre, etter «Angel» av Alex Leon og Giorgina og før «Xílies kai mía níkhtes» av Aggelikí Iliádi. Bidraget vann og vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013. Eurovision Song Contest 2013
Etter sigeren i EUROSONG 2013 - a MAD show vart det klårt at «Alcohol Is Free» vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Hellas vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena. Semifinale 2Songen vil starte som nummer ni, etter Island med «Ég á líf» av Eythor Ingi og før Israel med «Rak bishvilo» av Moran Mazor. Kjelder
|