Alborz-provinsen (farsi استان البرز, Ostan-e Alborz ) er ein av 31 provinsar i Iran , kring byen Karaj .[ 3]
Alborz-provinsen vart skipa då Teheran-provinsen vart delt i to provinsar, etter ei godkjenning i det iranske parlamentet 23. juni 2010, og vart introdusert som den 31. provinsen i Iran.[ 3] I 2014 vart han plassert i Region 1 .[ 4]
Provinsen ligg nordvest for Teheran og er delt inn i fire fylke, Karaj , Savojbolagh , Taleghan og Nazarabad .[ 5] Karaj er hovudstaden i provinsen. Alborz-provinsen [ 3] ligg 35 km vest for Teheran , ved foten av Alborzfjella , og ut frå flatevidd er dette den minste provinsen i Iran.
I følgje ei den nasjonale folketeljinga var det i 2011 2 412 513 innbyggjarar i provinsen, der 90,5 % bur i urbane strok.[ 6]
Kommunar
Kjelder
↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023 .
↑ 2,0 2,1 2,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023 .
↑ 3,0 3,1 3,2 Majlis extends term of councils, votes for new province , Teheran Times, Henta 24. juni 2010.
↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)» . Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
↑ MPs vote for new province of Alborz , Khabaronline, Henta 24. juni 2010. (persisk )
↑ Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine .
Bakgrunnsstoff