Fjellområda i provinsen er ei forlenging av dei sentrale fjellkjedene i Iran. Dei strekkjer seg frå vulkanfjella i Aserbajdsjan og forgreinar seg ut på det sentrale platået i Iran, og endar i Balutsjistan. Bashagard og Kuh-e Bananfjella er dei høgaste i regionen med toppar som Toghrol, Aljerd, Palvar, Sirach, Abareq og Tahrood. Andre fjellkjeder strekkjer seg ut frå Yazd til Kerman og Challeh-ye-Jazmoorian, med toppar som Hazaran på 4 501 moh, Kuh-e Shah 4 402 moh, Joupar, Bahr Aseman og Khabr.
Det meste av provinsen er likevel stort sett steppe eller sandørken, sjølv om det finst enkelte oasar der det vert dyrka dadlar, appelsinar og pistasje. I oldtida var «karmansk» vin kjend for kvaliteten sin [Strabon XV.2.14 (kap. 726)]. Provinsen er avhengig av qanatar (underjordiske vasskanalar) til vatning.
Kerman er utsett for naturkatastrofar. I nyare tid har flaum til dømes avdekt den arkeologiske oldtidsbyen Jiroft sør i Kerman-provinsen. Arg-é Bam, den største adobe-strukturen i verda, vart på den andre sida øydelagd i Bam-jordskjelvet i 2003. 22. februar 2005 tok eit stort jordskjelv livet av hundrevis av innbyggjarar i byen Zarand og fleire andre, nærliggande landsbyar nord i Kerman.
Klima
Klimet i provinsen er variert. I nord, nordvest og i sentrale områder er det tørt og moderat klima, medan i sør og søraust er vêret varmt og relativt fuktig. Byen Kerman og området rundt har eit delvis moderat og tørt klima, med normale temperaturar som varierer frå kring 40 °C og –7 °C. Middeltemperaturen i månadane mars til juni er 20°–25 °C. Desse månadane høver seg vêrmessig best for reise og turisme.