Abort-motstandernes liste er eit politisk parti som stilte til val i 7 fylke ved stortingsvalet 2005. Partiet si einaste sak var kamp for å totalforby abort.
Toppkandidatane i alle fylka var dei kjenda abortmotstandarprestane Ludvig Nessa og Børre Knudsen. Ein annan kjend abortprest, Per Kørner, stod på Abort-motstandernes liste i nokre fylke og Kristent Samlingsparti si liste i andre. Ivar Kristianslund, tidlegare formann i Kristent Samlingsparti, stod på tredjeplass på abormotstandarlista i alle fylke der ho stilte. Alle som stod på listene var menn, ikkje ei einaste var kvinne. Abortmotstandarane skapte reaksjonar i valkampen, då dei sende plastmodellar av foster saman med bilete av blodige, aborterte foster til tilfeldige veljarar som valkampmateriell. [1]
Abort-mostandernes liste fekk 1 934 røyster, noko som utgjorde 0,07 % av røystene ved stortingsvalet. Ingen representantar vart valde inn på Stortinget. Resultata deira i einskilde fylke var:
|
---|
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad. |
På Stortinget |
- Arbeidarpartiet (26,3)
- Høgre (20,4)
- Senterpartiet (13,5)
- Framstegspartiet (11,6)
- Sosialistisk Venstreparti (7,6)
- Raudt (4,7)
- Venstre (4,6)
- Miljøpartiet Dei Grøne (3,9)
- Kristeleg Folkeparti (3,8)
- Pasientfokus (0,2)
|
---|
Ikkje på Stortinget |
- Noregsdemokratane (1,1)
- Pensjonistpartiet (0,6)
- Konservativt (0,4)
- Industri- og Næringspartiet (0,3)
- Partiet Sentrum (0,3)
- Helsepartiet (0,2)
- Liberalistane (0,2)
- Folkets parti (0,1)
- Alliansen (0,1)
- Innovasjon- og teknologipartiet (0,1)
- Norges Kommunistiske Parti
- Feministisk initiativ
- Kystpartiet
- Generasjonspartiet
- Redd Naturen
- … fleire
|
---|
Kjelder