Øyer er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar til Ringebu i nord, Stor-Elvdal i aust, Ringsaker og Lillehammer i sør, og Gausdal i vest. Kommunen omfattar to sokn, Øyer og Tretten, og administrasjonssenteret ligg på Tingberg. Totalarealet er ca. 640 km² av dette er rundt 20 km² vatn.[1]
Namn og symbol
Namnet Øyer er ei skriftform av 'øy' i tydinga 'låglende ved vatn'. Vatnet det er snakk om må då vera Gudbrandsdalslågen.[2]Kommunevåpenet viser «På grønn bunn en sølv hærder», det vil seia ein trering som tidlegare blei brukt til å setja fast tau rundt lass eller bører.[1]
Geografi
Øyer har tradisjonelt vore ein jord- og skogbrukskommune. Jordbruksarealet er på rundt 32 000 daa, produktivt skogareal på rundt 163 000 daa og utmarksarealet rundt 360 000 daa. Det er om lag 180 gardsbruk i drift i kommunen som til saman har 1 200 mjølkekyr, 350 ammekyr og om lag 8 000 sauer og lam på beite om sommaren. Øyer har òg ein viss svineproduksjon, og kommunen har nav i ein purkering og i ein teststasjon for storfe.[1]
I Øyer har fjellet lenge vore viktig, også som jordbruksområde. På 1960-talet dyrka ein opp store område på fjellet, og i dag ligg ein tredjedel av all dyrka mark her. Store delar av området er statsallmenning, det vil seie at staten er grunneigar medan bruken blir administrert av fjellstyret.[1]
Gudbrandsdalslågen er rekna som ei god fiskeelv. Lågen og tilførande elvar kan medføra flaumfare, og ein storflaum i 1995 skapte store øydeleggingar i Tretten. I mai 2013 truga ein ny flaum, men kommunen kom frå han utan større skader.[3]
Det finst idrettsanlegg både i Øyer og på Tretten og ein idrettshall på Tretten, og fleire lysløyper her: Ved Tretten idrettshall, i Musdal som også er skiskyttarløype, på Granrudmoen og på Lisetra.[1]