Øyer kyrkje er ei krosskyrkje frå 1725 i Øyer kommune i Innlandet.
Byggverket er i tre og har 300 sitjeplassar. Tårnet kom til noko seinare på 1700-talet, og kyrkja har endra farge og framtoning opp gjennom åra. Ei stund var ho raud. Klokkene hang i ein stopul heilt til 1866.