Løten er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum.
Namnet Løten kjem av norrøntLautin. Ordet er ein kombinasjon av «Laut» og «vin». Laut tyder ei djupne i bakken og «vin» tyder eng. Namnet vart skrive «Løten» frå starten av 1800-talet.
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanenGrundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
Etter at Rørosbanen åpna, vart Løten ein stasjonsby.
Foto: Cato Edvardsen
Løiten brenneri
Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk
Kyrkja på Løten.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.