Det tidlegare kyrkjebygget på staden, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart seld for 750 spesidalar og flytta til Leikong på Gurskøya.[1]J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser det tidlegare kyrkjebygget på Sjøholt.
Fram til 1673 omfatta Ørskog prestegjeld heile austre Sunnmøre det som no er kommunane Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylen og Ørskog.. I 1673 vart Norddal med Geiranger og Sunnylven skilt ut som eige prestegjeld, fram til 1673 var presten i Norddal formelt «residerande kappellan». I 1759 vart Stranda med Stordal skilt ut som eige prestegjeld.[2]
Det er kyrkjegard ved kyrkja. Nokre hundre meter aust er prestegarden.