Eit krusifiks (frå latin, «krossfeste»[1]) er ein kross med ei framstilling av Kristus festa til krossen. Krusifikset kan vera enkelt eller meir praktfullt med utskjeringar og er gjerne laga i tre, metall eller stein.[2]
Biletgalleri
Krusifiks med Arma Christi, eit såkalla pasjonskrusifiks med dei gjenstandane som symboliserer Kristi liding. Krusifikset står i Poppiano i nærleiken av Montespertoli i Toscana.
Italiensk prosesjonskrusifiks som på ein openberr måte symboliserer samanhengen mellom Kristi lidingssoge og nattverden.