Sevilla er det kunstnariske, kulturelle og økonomiske senteret i det sørlege Spania. Han er regionshovudstad i AndalucÃa og i provinsen Sevilla. Byen ligg pÃ¥ sletta ved elva Guadalquivir, om lag 7 meter over havet. Innbyggjarane i byen vert kalla sevillanos (feminin form Sevillanas) eller Hispalenses. Byen har kring 700 000 innbyggjarar, men i storbyomrÃ¥det bur det i underkant av 1,5 millionar menneske. Det gjer Sevilla til den fjerde største byen i Spania.
Sevilla er meir enn 2000 år gammal. Dei forskjellige folkeslaga som har dominert byen i alle desse åra har gjeve byen ein særeigen atmosfæren med eit stort bevart historiske senter. Byen har vore mykje påverka av arabisk kultur, noko einkan sjå i dei mest kjende monumenta og stadane.
Byen vart i romartida kalla Hispalis. Den nærliggande romarbyen Italica er velbevart og gjev eit inntrykk av korleis Hispalis kan ha sett ut i den seinare romerske perioden. I Sevilla finst i dag restane etter ein romerske akvedukt.
Den store pesten i Sevilla i 1649 tok livet av nesten halve byen og han kom seg ikkje skikkeleg på fote att før tidleg på 1800-talet.[1]
PÃ¥ 1800- og 1900-talet vart Sevilla industrialisert og folketalet voks.
Sevilla fall raskt for troppane til general Francisco Franco i byrjinga av den spanske borgarkrigen i 1936, sidan han var ein av dei første byane invasjonsstyrken frå Marokko kom til. Etter at byen først var erobra, auka motstanden i arbeidarklassen i byen ei stund, før sterke represaliar stoppa dette.[2][3]