Øyvind Alsaker

Øyvind Alsaker
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1965 (59 år)
Flora kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke idrettsjournalist, fotballkommentator, programleiar, reporter

Øyvind Alsaker (fødd 16. august 1965) er ein norsk sportsjournalist og fjernsynspersonlegdom frå Florø i Sogn og Fjordane.

Han er utdanna ved Høgskulen i Volda.

Han starta som radioreporter i NRK, og vart tilsett i P2 i 1990.[1]TV2 vart skipa i 1992 fekk han jobb som fotballkommentator i den nye TV-kanalen. I 1998 gjekk han til Canal+. Frå 2006 var han tilbake i TV2, men fortsette å kommenterte engelsk Premier League hjå Canal+.[2]

Alsaker kommenterte brorparten av kampane frå Tyskland under VM i 2006. Tippeligaen blei også dekka av TV2, og han kommenterte ein stor del av kampane saman med Nils Johan Semb. Alsaker kommenterte også EM 2008 i Sveits og Austerrike saman med Nils Johan Semb og Totto Dahlum.

Under OL i Sotsji kommenterte han alpint for TV2.

I 2019 gav han ut boka En for laget – Solskjærs United saman med Atle Nielsen.[3]

Kjelder

  1. «Øyvind til P2». Firdaposten. 18. desember 1990. s. 3. 
  2. Cederblad, Christian August (16. mai 2020), «Alsaker avslører: Dette øyeblikket er mitt aller største som kommentator», Sportsbibelen (på norsk bokmål), henta 22. november 2024 
  3. «Alsaker om Solskjær-suksessen: – Godt rustet til å nærme seg de to store». Boktips (på norsk bokmål). 4. august 2020. Henta 5. august 2024.