Nils Johan Semb (fødd 24. februar1959 i Horten) er ein norsk fotballtrenar og idrettsleiar. Han var den første trenaren som tok Det norske herrelandslaget i fotball til ein Europameisterskap. Sesongen 1999 gav mange gode resultat, og Europa sitt mest anerkjende fotballmagasin, France Football, kåra Semb til årets trenar i Europa. I tida etterpå har han opplevd mindre suksess, mellom anna med ein katastrofal kvalifisering føre VM i fotball 2002.