* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2012 ‡ Landslagsmål oppdatert 21. august 2011
John Alieu Carew (fødd 5. september1979) er ein tidlegare norsk landslagsspelar i fotball. Han er 1,93 m høg og veg rundt 90 kg, spelte i hovudsak spiss og er kjend for ekstrem fart og hovudstyrke.
John Carew er fødd i Lørenskog. Far hans er frå Gambia medan mor hans kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen i Noreg. Carew debuterte på A-landslaget i 1998, og vart med det den fyrste farga spelaren på det norske landslaget. I periodar har han nekta å spele på landslaget, og då spesielt etter ein episode i Drammen der han utøvde vald mot medspelar (John Arne Riise) etter ei trening.
Carew hadde per desember 2006 spela 59 A-landskampar, og scora 14 mål for Noreg. Frå før hadde han 37 kampar på aldersbestemte landslag.
22. januar 2007 gjekk Carew over til Aston Villa, som del av ein byttehandel der Olympique Lyonnais fekk Milan Baros. Han var Aston Villa sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen, med 13 seriemål.