Øystein Olsen (fødd 8. januar 1952) var sentralbanksjef i Noreg og leiar i hovudstyret i Norges Bank frå 2011 til 2022.
Bakgrunn
Olsen er utdanna cand.oecon ved Universitetet i Oslo, og har jobba i fleire periodar for Statistisk sentralbyrå. Frå 1993 til 1998 var han tilsett som professor ved Handelshøgskolen BI. Frå 1999 til 2010 var han ekspedisjonssjef i økonomiavdelinga i Finansdepartementet.
Bror til Øystein Olsen var NRK-journalisten Knut Olsen.
Kjelder
- Bokmålswikipedia om Øystein Olsen, henta inn 18. april 2011.
«Øystein_Olsen» i Store norske leksikon, snl.no.