Zgharta eller Zghorta (arabisk زغرتا) er ein stor by Nord-Libanon med kring 90 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssenter i Zgharta distrikt.
Zgharta ligg kring 150 meter over havet mellom elvane Jouit og Rashein. Han ligg 23 km frå Ehden, 11 km frå kystbyen Tripoli, 89 km frå hovudstaden i Libanon, Beirut, og 82 km frå den næraste syriske byen, Tartous. Historia og folket har nære band til landsbyen Ehden. Dei fleste innbygggjarane i Zgharta har sommarhus i Ehden, og om vinteren er Ehden nesten folketom.
Det er gjort funn som tyder på at området kring Zgharta var busett kring 200 fvt. og på 100- og 200-talet var det festningsverk her. Dagens by og dei nære banda til landsbyen Ehden byrja på 1500-talet.
↑Wetzel, R. & Haller, J., Le Quarternaire de la région de Tripoli. Notes et Mémoires de la Délégation Génerale de France au Liban. Section Géologique, No. 4., Beirut, 1945.