Qaraoun-kulturen er ein kultur i den libanesisksteinalderen kring Qaraoun i Beqaadalen.[1] Kulturen produserte særeigne, store flintreiskapar. Desse vart oppdaga i det libanesiske høglandet av Henri Fleisch, som fann over hundre flintreiskapar i løpet av to timar den 2. september 1954.
Fleisch diskuterte funna med Alfred Rust og Dorothy Garrod, som gjekk med på at kulturen hadde element frå yngre steinalder.[2]